Interessa for havbruk har auka kraftig dei siste åra – og no er lærlingane blant dei absolutt best betalte lærlingane i landet. Snittlønna var på 30.340 kroner før skatt i 2019. Det viser tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

Isabel Andersen er andreårslærling ved Eidsfjord Sjøfarm i Sortland og tener 31.000 kroner før skatt. Ho skal ta fagprøven til hausten.

– Eg er veldig fornøgd med lærlinglønna mi. Eg har råd til å leve for å seie det sånn. Eg har kunne tatt opp billån og eg har rom til å spare for å kjøpe meg mitt eige hus.

Ho jobbar ei veke frå 07.00 til 17.30 og har deretter ei veke fri.

I 2012 var det 77 elevar som gjekk vidare på akvakultur på Vg2 i heile Noreg- i fjor var talet på 273 elevar over heile landet.

– Eg trur lønna kan påverke yrkesvalet. Det er også ein bonus viss ein liker det ein gjer at det er godt betalt.

Isabel Andersen i Eidsfjord Sjøfarm. Foto: Opplæringskontoret for Nordre Nordland

– Risikofylt yrke

Dei best betalte lærlingane i Noreg er skytebasar og sprengingsarbeidarar med ei snittløn på 31.540 før skatt. Nedst på statistikken finn me frisørlærlingane som i snitt tener 13.730 før skatt.

Andersen synest havbrukslærlingane har gjort seg fortent til den løna dei får.

– Fiskeoppdrett er ein bransje som tener godt, og løna speglar jo det. Me som jobbar ute på anlegg har også ein risikofylt kvardag, me jobbar med tunge maskinar med stor klemfare og det er risiko for drukning. Det er risikabelt å jobbe på havet.

Camilla Høiby Kirstensen er leiar for Nettopp Fisk, nettverk for fiskerifaglege opplæringskontor i Noreg. Ho seier turnusordningar påverkar løna innan havbruk i positiv grad.

– Eg vil tru lærlingane innan havbruk ligg høgt fordi det er ei næring kor det er turnusarbeid med moglegheit for å jobbe overtid. Ein del ungdommar ser gjerne på det som eit gode — at det er ei lærlingordning kor det er gode moglegheiter for å jobbe ekstra. Eg ser ungdommane gjerne takkar ja til ekstra jobb og jobbar mykje i lærlingtida.

Camilla Kristensen (t.v.), dagleg leiar Opplæringskontoret for fiskerifag i Midtre-Helgeland og Nettopp Fisk. Her saman med Isabel Bergseter Hansen, prosjektmedarbeidar ved Kunnskapssenteret i Gildeskål. Foto: Alf Fagerheim

Kristensen ser at havbruksnæringa er i stor vekst og blir stadig meir populær.

– Me ser at fleire og fleire ønsker å omskulere seg til dette yrket og talet på lærlingkontraktar aukar mykje. Eg trur årsaka er samansett: det er god lønn, ein ser at verda treng mat og ein reknar næringa for å vere stabil.

Ho trur også fleksibiliteten gjer yrket meir attraktivt.

– Ein er vant med at fiskarar og offshorearbeidarar jobbar turnus, men det kan ein på oppdrettsflåte også. Plutseleg kan ein bu 40 mil unna arbeidsstaden sitt. Eg trur unge folk får med seg dette. Eg er distriktsforkjempar, men ser dei som bur i Bodø køyrer langt for å jobbe turnusordning med 1 veke på og 1 veke av. Ein kan bu ganske fritt, seier Kristensen.

– Attraktiv arbeidsplass

– Havbruk er ein attraktiv arbeidsplass og ei spennande næring, seier fagsjef for næringspolitikk i Sjømat Noreg, Stine Akselsen.

– Krava til å studere både på vidaregåande og på høgskule/universitet har gått opp med åra. Det har også vore auka interesse til utdanningane på over 20 prosent. At lønnsnivået dermed stig er ikkje overraskande.

Stine Akselsen er ansvarleg for rekruttering og kompetanse i Sjømat Noreg. Foto: Privat

På Vgs har interessa for akvakultur auka med 25-30 prosent, fortel ho.

– At lønn spelar inn her har sjølvsagt noko å seie, samtidig veit me at dette er ei framtidsnæring som får auka merksemd og vert nemnd i stadig fleire samanhengar. Det har nok også ei stor betydning. Næringa er blitt meir synleg, seier Akselsen og legg til at spennande og godt betalte arbeidsplassar rekrutterer godt:

– Grunnen til at det betalast godt er at dette er kompetansekrevjande, og dei tilsette har ansvar for store verdiar. Viktige, ansvarsfulle og kompetansekrevjande jobbar skal bli lønna deretter

– Ein jobb eg kjem til å ha lenge

Isabel Andersen er bestemt på at ho vil halde fram i næringa etter fullført lærlingtid.

– Eg synest det er ein veldig morosam jobb. Me får delta i alt det dei andre gjer – og eg får mykje ansvar som lærling også. Ein føler seg som ein del av teamet og me får lov til å gjere ein forskjell i arbeidskvardagen, det er veldig lærerikt.

Ho har fått gode indikasjonar på at ho får lov til å halde fram i bedrifta etter lærlingperioden

– Eg trur nok dette er ein jobb eg kjem til å ha lenge. Eg er so pass interessert i havbruk og stortrivst i yrket.