Han har hatt ulike stillingar i Fiskeridirektoratet og Fiskeridepartementet, og fiskeriråd i Brussel. Han har òg leia Verdensbankens fiskerikommisjon. I dag leiar han sjømatavdelinga til PwC i Bergen som består av sju personar. Etter at han passerte 60 år, var det slutt på å vere partner i selskapet. Då blir ein direktør.

- Det er slik det er, men det er eigentleg ikkje nokon skilnad, seier han med eit smil.

Og sjølv om han er 67 år, har han ingen planar om å bli pensjonist.

-