Lakseeksporten har passert 1 million tonn

Sist veke vart det eksportert over 25.000 tonn laks (rund vekt) frå Noreg. Med det passerte lakseeksporten 1 million tonn til no i år.

USA er blant landa som kjøper meir norsk laks i år samanlikna med i fjor. Men det aller meste av eksporten går til EU. Auken i eksporten av fersk laks til EU er høgare enn den totale volumauken til no i år.

Tala frå Sjømatrådet viser også at veksten i all hovudsak vert eksportert som fersk laks, og prisen er omtrent lik som i fjor, 61,28 kroner per kg i år mot 61,83 kroner per kg i 2017. Det er så langt i år eksportert litt mindre fryst laks, både heil og filet, medan det er ein liten auke i eksporten av fersk filet.

Oversikta viser også at dei største kjøparane aukar sine kjøp av laks. Av ein total eksport på 757.153 tonn fersk laks, er 620.860 tonn eksportert til EU-marknaden – opp frå 565.416 tonn på same tid i fjor.