Torsdag kom dommen mellom 25 oppdrettarar i vest og staten. Dommen var klar i sin tale og frifann staten på alle punkt.

25 oppdrettarar i produksjonsområde 4 (PO4) har saksøkt staten for at dei måtte redusere produksjonskapasiteten sin med seks prosent i to år.

Oppdrettarane hevdar i søksmålet at vedtaket i kapasitetsjusteringsforskrifta byggjer på eit mangelfullt og feil faktagrunnlag:

«Det er ikkje berre udokumentert, men også usannsynleg, at lakselus produsert innan oppdrett i PO4 medfører meir enn 30 % dødelegheit i villakspopulasjonen i området.