– Me tenker at me må tru på veksten, slik som me ser det inn i krystallkula. Makrotrenden er der, smoltstørrelsen skal opp og det er mange som jobbar med og satsar på landbaserte anlegg, seier dagleg leiar i Artec Aqua Ingegjerd Eidsvik.

Ingegjerd Eidsvik, dagleg leiar i Artec Aqua. Foto: Tone Molnes/Artec Aqua

Selskapet er totalleverandør for landbasert oppdrett og heldt til i Ålesund. Dei har no signert kontrakt med seks nye personar — og er i intervjuprosess med ein til.