Inntektene i 2018 enda på 211,5 millionar kroner, ned frå 268,7 millionar kroner i rekordåret 2017. Driftsresultatet fall frå 111,7 millionar kroner til 80 millionar kroner.

Øyfisk har fire konsesjonar og seks lokalitetar. Slaktinga skjer hos Gunnar Klo AS, fiskeriselskapet som eig 100 prosent av lakseoppdrettsselskapet.

Etter rekordåret i 2017, der slekspaet slakta 5.000 tonn (sløyd vekt) fortalde styreleiar Kristian Klo at dei ikkje ville nå same volum i 2018 etter ein kald vinter der dei i tillegg sleit litt med lakselus.