Eide Fjordbruk søkjer om 6 utviklingskonsesjonar, og meiner dei har eit unikt teknologikonsept. "Sjå føre deg eit oppdrettsanlegg der ein har fullstendig oversikt over alle viktige tilhøve og risikoar som påverkar dei ulike prosessane. Eit anlegg som har kontinuerleg kontroll med veksten og helsa til fisken, risiko for sjukdom, lusepåslag, korleis anlegget påverkar omgjevnadene og korleis omgjevnadane påverkar anlegget.Tenk om anlegget sjølvkontrollert kan treffa preventive tiltak for å redusera risiko for fisk og miljø, samstundes som til dømes røktarane får ein mindre belastande og tryggare kvardag." Dette er den langsiktige visjonen som Eide Fjordbruk og partner-bedriftene ynskjer å oppfylla gjennom eit særs ressurskrevjande utviklingsarbeid.Noreg har naturgitte fortrinn, lang