– Eg kom jo frå ein større by i Kroatia til eit lite lokalsamfunn her. Me hadde ein son og måtte velja oss eit nytt liv, seier Mersija Zekic, kvalitetskoordinator hos Bremnes Seashore.
Ho kom til Noreg som krigsflyktning i 1993. Omtrent tre år seinare gjekk turen til Bømlo der ho fekk jobb hos Bremnes Seashore. Sidan har ho lært opp hundrevis av arbeidarar til korleis dei skal produsere merkevara Salma-laksen. Mange av dei er også flyktningar som har kome til Bømlo utan å kunna norsk og har så blitt integrerte på foredlingsanlegget.
– Om eg skulle valt livet mitt på nytt, så hadde eg valt akkurat det same. Bremnes Seashore er noko heilt spesielt for meg, smiler Zekic.
Som eit familiemedlem
– Salma for meg er som eit familiemedlem. Eg har berre eitt barn, men Salma-laksen følast som eit barn for meg også, seier Zekic.
Sidan Bremnes Seashore begynte med Salma-laksen i 2006 har ho vore sentral i arbeidet med produktet. Draumen er at dei skal få høve til å utvikle merkevara endå meir, og kanskje prøve ut nokre andre produkt med bygging av ein ny fabrikk. Den er no sett på vent, som Intrafish har omtala, på grunn av formuesskatten og grunnrenteskatten.
– Eg har ikkje så mange år igjen før eg pensjonere meg, så eg håpar me skal få gleda av å lage verdas beste laks i den nye fabrikken. Eg har framleis trua, seier ho.
Zekic sin historie hos Bremnes Seashore blei tidlegare i år trekt fram av samfunnskontakt Simon Nesse Økland på Aqkva-konferansen i Bergen.
– Mersija er ei dama eg har så stor respekt for og har blitt veldig glad i. Ho var her då eg sjølv begynte for 22 år sidan, seier Økland. Du ser ho ute til høgre på bilete under.
Produktet Salma starta først som ei spekepølse av fisk i samarbeid med Tine. Det var eit godt samarbeid og dei lærte mykje av kvarandre, seier Økland. Tine vart kjøpt ut av Bremnes Seashore i 2012.
– Då me starta med Salma i 2006, var det eit par hundre kilo per dag. Så blei det større og større. Å sjå tilbake på den utviklinga der, seier Zekic og leitar etter orda før ho held fram:
– No er det sånn at Bømlo og Salma går hand i hand.
Me sjekkar med Bømlo-ordførar Sammy Olsen (Sp) om det stemmer. Han nikkar.
– Salma-laksen er blitt eit verdskjent produkt. Med Salma så leverer du ikkje berre råvara heil sløyd laks lenger. Dei tar den berre ut av sjøen, foredlar og sender ut til Europa. Då skapar du meirverdi og arbeidsplassar, seier han.
Nøkkelen ligg i deira eigenutvikla opptaksanlegg. Dei har foredling vegg i vegg med slakteri og eit opptaksanlegg og levande kjøleanlegg. No leverer dei 20.000 pakker med den beinfrie Salma-laksen kvar dag.
Lærer seg norsk på jobb
Samstundes som produksjonen av Salma-laks har auka, har innvandringa til Bømlo auka. Mange av dei har fått jobb på Bremnes Seashore, der dei no er over 20 nasjonalitetar som er med å produsera laksen. Mersija Zekic har vore ein rollemodell for mange av dei. Ho er no hovudverneombod på land og støttar dei andre i familien, som ho kallar kollegaene. Dei får alle tilbod om å lære norsk gjennom Bømlo vaksenopplæring og oppfordrast til å ta i bruk språket. På den måten kan dei enklare integrere seg både på og utanfor arbeidsplassen.
– Me har prøvd å passe på at det skal vere norsk som brukast på arbeidsplassen. Det er med å bidra til kulturen og samhaldet på ein annan måte enn om me snakka engelsk. Me har ikkje lagt press på dei til å snakka norsk, men heller oppfordra til å prøva, seier Trond Ånderå, produksjonssjef.
Produksjonskoordinator Alina Kupcova er takknemleg for den oppfordringa.
– Nordmenn er veldig snille når du seier noko feil. Dei smiler og seier ingenting. Seier du noko feil på latvisk i Latvia så er dei inne og rettar med ein gong og er kritiske. Her er du mindre redd for å seie noko feil, for ingen ler av at du prøver. Det tok litt tid å forstå i starten, seier ho.
Dei tilsette har fått litt fri frå dagens arbeidsoppgåver til ein prat med Intrafish. Etter kvart kjem linjeleiar Tsegenzab Almedom inn på møterommet. Han tek av seg lua, helser og smiler.
– Han er det mest smilande mennesket i verda, seier Zekic og blir møtt med et stort smil frå eritrearen.
– Eg kom til Noreg i 2011 og har jobba på Bremnes Seashore sidan 2014. Eg meiner det er bra å ha ein jobb her. Då tener eg pengar og betalar skatt til fellesskapet. Det er mykje betre enn å sitja heime og få pengar frå NAV, seier han.
Han får støtte frå dei andre i rommet. Produksjonssjef Anderå påpeikar at bevisstgjering om å snakka norsk er med på å få dei lettare integrert. I 2021 fekk bedrifta Mangfaldprisen for dette arbeidet med integrering.
– Dette skal væra ein trygg arbeidsplass å læra seg norsk på, og då blir det også enklare å kome inn i miljøet utanfor bedrifta. Du kan gå på fotballtrening med ungane dine og snakke norsk med dei andre foreldra, seier produksjonssjefen.
– Det trur eg er viktig. Me er blitt bømlingar no, seier Almedom og smiler igjen.
Trur på jobb som integreringsarena
I 2022 auka folketalet i Bømlo kommune med 71. Innvandring vart trekt fram som grunn av kommunen ved årsskiftet. Ordføraren er klar på at Bremnes Seashore er ein stor grunn til at dei nettopp kan ta imot fleire innvandrara.
– Om ein kommune tek imot innvandrar, og ikkje kan tilby dei noko på arbeidsfronten, kan det gå feil. Eg trur ikkje det er sunt å kome til eit land og ikkje ha den moglegheita. Om ein då berre får noko frå staten den 20. kvar månad så bommer ein heilt, seier Olsen.
Ved inngangen til 2023 budde det 12.132 personar på øya Bømlo. Ordføraren påpeikar at han sjølv har husa nokre av innvandrarane som har kome til øya.
– Eg trur ein jobb er den beste måten å integrere dei på. Eg har sjølv hatt nokre innvandrarar buande heime hos meg i mitt hus, og eg ser jo at dette har vore folk som vil jobbe, seier han.
Bømlo treng arbeidskraft seier han. Dei har oppdrettsnæring, fiskeri, skipsfart og industri som alle er viktige næringar for kommunen.
– Generelt i Bømlo så har me litt mangel på arbeidskraft. Ein ser stillingar blir ståande ledig, men det er nok ein av Bømlo sine styrkar at ein kan gje dei jobb på denne måten. Mange har vore ufaglærte og fått tilbod om jobb i oppdrettsnæringa og fått delta i produksjonen medan dei blir lært opp. Det har minka på sånne plassar der ein kan få jobb på den måten. Ein kan ikkje berre banka på ein dør og spørja, seiar han.
Bømlo = heime
At dei har blitt integrert på Bømlo merker dei tydeleg hos barna sine. Alina Kupcova har ei dotter og ein son i høvesvis førsteklasse og i barnehagen.
– Eg blir aldri så flink i norsk som dottera mi. No kan eg av og til spørje om me skal reise tilbake til Latvia, men då er svaret med ein gong at det berre er på sommarferie, for Norge har blitt heime, fortel ho.
– Det er et godt poeng, skyt Zekic inn, og legg til:
– Dei første 5–6 åra då eg reiste til Kroatia, så sa eg at eg reiste heim, men no seier eg at eg reiser på ferie til Kroatia. Bømlo er blitt heime.
Les også
- Salma-produsenten skulle bygge nytt industrianlegg til 400 millionar kroner. No kan tomta enda opp som parkeringsplass
- Bremnes Seashore ligger i rødt produksjonsområde, men mener det har en løsning for å unngå nedtrekk av produksjonskapasitet
- Generasjonsskifte i Inka: – Eg skal ikkje gi meg heilt
- Laksearvingen droppet BI-studiene i Oslo og bestilte flyttebil hjem da skattebomben sprang
- Milliardæren Helge Møgster: – Eg trur ikkje dei i Oslo skjønar kva me balar med opp og ned langs kysten