- Det som er spesielt med «Elax Mist» er at den utvikla for å vere nødslaktefartøy, for å redde den fisken som elles truleg ville døydd av ein eller annan mekanisk behandling. Om bord har me ei patentert løysing på å sortere ut fisk som allereie er død eller så dårleg at den ikkje bør bli med på slakteriet. Det gjer at det ikkje skal vere fare for at kvaliteten på lasta vert dårlegare. Slakk eller død fisk skal ikkje komme gjennom sorteringa, men går i eigen tank, fortel dagleg leiar Mons Ove Hauge i reiarlaget Elax.