Eksportprisen på fersk laks i veke 12 gjekk også ned, til 61,29 kroner per kilo, mot 66,17 kroner per kilo i veke 11. Det er ein nedgang på 7,4 prosent samanlikna med veka før. Det kjem fram av ny statistikk frå Statistisk Sentralbyrå i dag.

Nedgangen frå veke 11 til veke 12 kjem i stor grad av sterkt redusert eksport til store mottakarland som Frankrike, Danmark, Spania og Nederland. Samstundes hadde desse landa også ein oppgang i veka før, frå veke 10 til 11.