Svara kjem fram i ei undersøking som Opinion har gjort på oppdrag for Havforskingsinstituttet, Universitetet i Bergen og Bergen kommune i samband med havkonferansen The Ocean.

29 prosent av dei spurte i undersøkinga svarar at fiskeri og oppdrett er den mest berekraftige næringa i Noreg. Det er nesten dobbelt så mange som svarer olje og gass, som kjem på andreplass. IT, industri og turisme følgjer på dei neste plassane. Det skriv Havforskingsinstituttet i ei pressemelding.

Fleirtalet har tillit til forvaltinga av havressursane

– Når ein har samanlikna proteinproduksjon frå ulike kjelder, så har den norske havbruksnæringa kome fram som den mest berekraftige proteinprodusenten i verda. Det betyr ikkje at det ikkje er utfordringar, men det er også utfordringar knytt til matproduksjon på land, seier forskingsdirektør ved Havforskingsinstituttet, Geir Lasse Taranger i meldinga.

Nær seks av ti nordmenn seier at dei har stor tillit til norsk forvalting av havressursane. Det er det høgaste som har vore målt i undersøkinga.

Trur problem innan oppdrett vil auka

På spørsmål om dei har tillit til at ulike næringar forvaltar naturressursane på ein god/berekraftig måte, svarar to av tre «ja» for fiskeri og fangst. To av ti svarar «nei», resten veit ikkje. På same spørsmål om oppdrett er det litt fleire som svarar ja enn nei: høvesvis 42 og 37 prosent.

Éin av tre seier i same undersøking at dei trur problema innan oppdrettsnæringa, som lakselus og rømming, vil auke dei neste fem åra. Litt over to av ti trur problema vil minke, medan nær fire av ti trur dei vil bli på same nivå som i dag.

Undersøkinga blei utført blant eit representativt utval av 1000 nordmenn. Det er fjerde gongen undersøkinga har vore gjennomført sidan 2015.

Les også:

Fiskevelferd er den nye bærekraften