Sigurd Hytterød tok 1. mars over som ny fagsjef for oppdrett i Norske Lakseelver etter Erik Sterud.

Etter to veker i ny jobb bar det rett på heimekontor med ny kvardag fylt av webinar og digitale møter.

– Det har gått veldig fint, men det aller beste er å vere saman med kollegaer, vere sosial og møte folk, seier Hytterød til IntraFish.

Det har vore ein veldig nedgang i laksebestanden og tilbakevandringa av villaks til elvene våre er halvert dei siste 30 åra, fortel Hytterød - noko han brenn for å endre.