Fiskeridirektoratet fekk i midten av mars melding om ein fiskar som hadde funne laks i magen på døde pigghå han hadde fått i garnet i Gulen kommune.

Fiskaren fekk opp 150-170 kilo med haifisken pigghå.

Seniorrådgjevar Geir Martin Kvamme i Fiskeridirektoratet region vest. Foto: Privat

«Dei som var levande vart sett ut igjen, men han spretta opp 20 døde pigghå og alle hadde «laksenuggets» i magesekk. Etter dette vart fisket avslutta på denne staden», skriv Fiskeridirektoratet i ein e-post IntraFish har fått innsyn i.

— Eg kjenner ikkje til at ein har funne laks i magen på pigghå tidlegare, seier seniorrådgjevar Geir Martin Kvamme i Fiskeridirektoratet region vest.

Hol i daudfiskhov

Fisket blei gjort nord for Firda Seafood Group sin lokalitet Bårøy i Gulen kommune i Vestland fylke. Dei har også lokalitetane Leiholmane og Kuøyna i området. Fiskeridirektoratet tok kontakt med selskapet for å be dei mellom anna sjekke nøtene for hol etter rapporten frå fiskaren.

— Generelt, om det ligg fisk i botnen av nota, så kan pigghå legga seg opp mot nota, og suga ut fisk. I dette tilfelle så har me hatt hol i ein daudfiskhov, som kan ha ført til at daudfisk har hamna på sjøen ved pumping, seier produksjonssjef i Firda Seafood, Nicolai Arnesen Sandberg til IntraFish.

Små hol i nota

Ifølge dokument som IntraFish har fått innsyn viser dykkarrapportar nokre små hol i nota ved lokaliteten på Kuøyna.

— Hola i dykkarrapportane er små, berre nokre få maskefall, så me mistenker ikkje rømming, seier Arnesen Sandberg.

Fiskeridirektoratet har bede om vidare dykkarrapportar for å følga med om ein observerer fleire hol.

— Me ser aukande mengder pigghå i nokre område og på oss verkar det som bestanden av pigghå er aukande. Men me har god kontroll på situasjonen, me har jamlege dykkarinspeksjoner og me har rasande dyktige folk på anlegget som følger godt med, seier Arnesen Sandberg.

Pigghåen er raudlista, og ein tilrår lågast mogleg bifangst av haien. Foto: OLE ERIK KLOKEIDE

Vurderer tilpassa nøter

Korleis jobbar de for å få bukt med problemet?

— Det viktigaste me gjer er å halda ei heilt rein not til ei kvar tid. Vidare ser me på andre tiltak som sterkare og meir tilpassa nøter, seier Arnesen Sandberg.

IntraFish skreiv i januar at Fiskeridirektoratet stadig får fleire meldingar om at den raudlista haien skapar problem for oppdrettarane.

— Det er eit aukande problem, utan tvil. Me får meldingar om fleire og fleire pigghåangrep, og på nye lokalitetar kor dei ikkje har vore plaga med det før. Me reknar med at det er ein aukande bestand, at det er det som ligg bak, seier Kvamme i Fiskeridirektoratet.

Han fortel at det heldigvis har vore få store rømmingar knytt til dette.

— Me har ikkje registrert store rømmingar, men det er klart at viss ein har hol i nota så er det mykje høgare rømmingsfare, og særleg viss det er store massive angrep, seier Kvamme.

Les også: