Konstituert fiskeridirektør Per Sandberg i Fiskeridirektoratet er tilsett som fiskeridirektør fram til oktober 2021. Det opplyser Nærings- og fiskeridepartementet i ei pressemelding tysdag.

Frank Bakke-Jensen blei i haust utnemnt til ny fiskeridirektør, men kan ikkje tiltre stillinga så lenge han er vald inn på Stortinget som stortingsrepresentant.

- Med Per Sandberg får vi ein dyktig vikar, og som kjenner direktoratet godt. Med dei viktige oppgåvene som direktoratet står framfor, var det viktig for oss å få ein person i denne stillinga som kan drive arbeidet framover, seier fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen i ei pressemelding.