Torsdag offentleggjorde Utdanningsdirektoratet søkartala til vidaregåande opplæring for skuleåret 2021/22.

I år har ni prosent fleire søkt seg til andreårskurs innan fiske- og fangst og akvakultur på vidaregåande samanlikna med 2020.

– Eg er utruleg glad for at så mange ungdommar søker seg til dei blå yrkesfaga. Dei siste fem åra har vi sett ei dobling i talet på unge som søker seg til fiskeriretta utdanningar. Det er veldig viktig, for dette er ei næring som vil halde fram med å vekse og vil vere veldig viktig for oss i framtida, seier fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen i ei pressemelding.

Talet på søkarar til dei to blå retningane var i 2020 på 541 – i år er det 589 ungdommar som har søkt seg til fiskeri eller havbruk.

Over dei siste åtte åra har søkartala til fiske- og fangst og akvakultur i andreklasse i vidaregåande skule auka med 150 prosent.

– Draumen er å drive med forsking

Elise Anker Hellen (16) er elev ved naturbruk på Austevoll vidaregåande skule. Ho er ein av elevane som har valt å søke seg vidare til akvakultur til hausten.

– Eg har vore utplassert på oppdrettsanlegg no nettopp på Fylkesnes Fisk og det var kjempekjekt. Eg har lyst tilbake der igjen. Draumen er å få vere med ut i båt og forske, seier ho til IntraFish og legg til:

Elise Anker Hellen. Foto: Privat

– Eg har alltid vore interessert i kva som lever i sjøen og har lyst til å studere fisk vidare. Eg har lyst til å gå vidare i Bergen og bli marinbiolog.

Ho trur fleire har får auga opp for moglegheitene som ligg i havet.

– Det er jo framtida å jobbe med havet; finne ut kva som lever der og bruke dei ressursane som finst der. Eg trur det blir meir og meir populært. Og det er kome fleire og fleire jenter til. Det er positivt.

Leiar for Nettopp Fisk, nettverk for fiskerifaglege opplæringskontor i Noreg, Camilla Høiby Kristensen, seier dei opplever ein stor interesse for fiskeri- og havbruk rundt om i landet.

– Me ser dette både på vidaregåande og når det gjeld søknader til læreplass. Det er eit fokus på yrkesfag generelt og ekstra fokus på blå næringar. Me ser det same på universitet- og høgskulenivå, påpeikar ho.

Studiespesialisering er størst

Det er i år 206.800 ungdommar som søkjer vidaregåande opplæring i offentleg skule og lærebedrift. Dette er omtrent 1000 fleire enn i fjor.

Søkardelen til yrkesfag varierer frå 61 prosent i Møre og Romsdal til 27 prosent i Oslo. Rekordmange jenter søker seg til dei gutedominerte utdanningsprogramma bygg- og anleggsteknikk og teknologi- og industrifag.

Studiespesialisering er utdanningsprogrammet med klart flest søkarar ved alle trinn. På vg1 har søkartalet gått ned dei siste åra, men aukar litt i år.

Helse- og oppvekstfag er det yrkesfaglege utdanningsprogrammet med flest søkjarar til vg1, vg2 og til læreplass. Teknologi- og industrifag har nest flest søkjarar.

Teknologi- og industrifag er det yrkesfaglege utdanningsprogrammet med størst auke i talet på søkarar, med 270 fleire søkarar på vg1 samanlikna med i 2020. Det er også ein auke i fleire av utdanningsprogramma som var nye i fjor. Informasjonsteknologi og medieproduksjon har 220 fleire søkarar, medan handverk, design og produktutvikling aukar med 37 prosent frå 320 til 440 søkarar.

___________________________________________________________________________________________________

Har du lyst til å lese flere nyheter fra sjømatnæringa? Prøv oss for 1 krone den første måneden