Der må den tidlegare slakterisjefen svarer for påstand om grovt underslag frå lakseslakteriet. Saka vil gå som tilståingssak for Sunnhordland tingrett den 20. desember.

- Det betyr at det truleg vil liggje føre ei avgjersle i saka før nyttår, seier politiadvokat Linn Skaar Sætre i Vest politidistrikt til IntraFish.

Slutta på dagen

- Kva straff legg påtalemakta ned påstand om?

- Strafferamma for grovt underslag er fengsel i seks år. Hovudregelen ved grovt underslag er fengsel utan vilkår. Utover dette vil det kvile på ei konkret vurdering av omfanget og alvoret i saka, kva straff som er aktuell, svarar politiadvokaten.

Det var tidleg i oktober at Alsaker-konsernet sendte ut ei pressemelding underteikna av Gerhard Alsaker der det stod at dei var blitt kjent med at det over lengre tid hadde funne stad ulovleg svart sal av laks ved Alsaker Fjordbruk sitt slakteri Viking Fjord.

Ifølgje meldinga hadde selskapet sin tidlegare slakterisjef/daglege leiar erkjent forholda og slutta på dagen då det vart kjent.

Berre ein person er sikta

Påtalemakta har berre tatt ut sikting mot ein person i saka. I tillegg er det gitt førelegg til enkeltpersonar i forbindelse med distribusjon av laksen, opplyser Sætre.

Ho seier dei ikkje kan gå inn på mengdene av laks som er selt svart, eller verdien av den. Heller ikkje kvar laksen har tatt vegen kan dei seie noko om no.

- Vi må vente å sjå kva som blir forklart i rettsmøte og lagt til grunn i dommen, seier ho.

---

Hold deg oppdatert på hva som skjer i norsk og internasjonal oppdrettsnæring – abonner på vårt daglige gratis nyhetsbrev.