Prosjektet med ei ramma på over 400 millionar kroner er no stogga.
– Det blir ein dyr parkeringsplass. Og det er ikkje parkeringsplassar me jobbar for å skapa, men nye arbeidsplassar, seier samfunnskontakt i Bremnes Seashore, Simon Nesse Økland. Selskapet står bak Salma-laksen mange kjenner frå butikkhyllane.
Ifølge Sjømat Norge er prosjekt til over 40 milliardar kroner blitt skrinlagt sidan 28. september, då forslaget om grunnrenteskatt på havbruk blei lagt fram.
– Ein kan ikkje drepe bedrifter med så mykje skatt at dei ikkje kan utvikla seg. Noreg har heller aldri vore kjent for så mykje bearbeidingsindustri. Dei som driv med det bør stimulerast slik at fleire vil gjere det. For kommunar som Bømlo så skapar det verdi og arbeidsplassar. Det seier Bømlo-ordførar Sammy Olsen (Sp).
Reiv gründarens hus
Riktig nok er det framleis mykje aktivitet i anleggsområde. Lastebilar køyrer innom og hentar stein som skal brukast til byggefelt i nærområdet. I framhaldet skal resten av steinen fraktast med båt til Aker på Stord. Gravemaskiner er i jobb, og sprengmatter ligg klare. Men akkurat no ligg det berre an til å bli ein dyr parkeringsplass. Ikkje utviding av dagens foredlingsanlegg for den Salma-laksen.
– Då me reiv Olav Svendsen Sr sitt hus for eit og eit halvt år sidan så var det startskotet for heile foredlingsprosjektet til Bremnes Seashore. Me reiv ein gamal fabrikk, og bygde ut kontorlokala me no sit i. Det har vore ei vanvitig investeringsvilje med kort veg frå idé til gjennomføring. Men no er det ute av våre never, seier Sindre Andal Habbestad, byggingeniør i Bremnes Seashore.
Dei var eit av selskapa som raskt var ute å rekna seg fram til at dei kan risikere å måtte betale 100 prosent skatt då forslaget om grunnrenteskatt kom 28. september. Noko som Faktisk.no har verifisert i seinare tid også. Då sette dei nødbremsen på byggeprosjekta.
Ein stor parkeringsplass
– Me skal skyte vekk eit heilt fjell, og har avtalar der som me står i. Rundt september har me ei stor flata som står klart til bygging av fabrikk, men det blir det ikkje noko av no. Då blir det ein stor parkeringsplass, seier byggingeniøren.
– Kva må til for at det skal bli bygging?
– For det første må me ha eit skattesystem som er langsiktig. No hadde me 2019 der produksjonsavgifta kom, så kom Høgre-regjeringa med ei kraftig auke i formuesskatt grunna stor auke i verdivurdering på konsesjonane. Eitt år etter det kom pressekonferansen om grunnrenteskatten. Så me har gått frå å ha eit ganske normalt skatteregime til å plutseleg innsjå at skatten kom over 100 prosent, forklarar Økland.
Regjeringa har sidan kome med nokre tilpassingar, blant anna på bruk av normpris. Korleis skatten vil ende for dei i utgifter veit dei ikkje enno, men akkurat no har dei rekna seg fram til at det blir 80 prosent skatt.
– Når dei fleste norske familieeigde og privateigde selskap hamnar på over 80 prosent, så blir investeringsevna svekka. Så spørst det kva som skal til? Éin ting er langsiktigheit, men nivået må endrast. Me kan ikkje ha 80 prosent skatt, så då må ein sjå på heile den totale skattebelastninga. Ein må sjå på alle skattane samla, for det er totaliteten som betyr noko for oss. Det trur eg er viktig å forstå for dei som berre sit med det teoretisk, seier han.
Bruke heile fisken
I dag har Bremnes Seashore eit foredlingsanlegg på 660 kvadratmeter. Her tar dei i bruk heile fisken på ein eller annan måte. Blodet er det einaste som ikkje blir nytta akkurat no, men dei ynskjer å finne eit bruksområde for det også i framtida.
At dei sjølv foredlar fisken har vore viktig for dei. Dermed vedtok styret i selskapet i april 2021 at det skulle byggast ny kjølehall og foredlingsavdeling. Totalt skulle det byggast tre etasjar og 5500 kvadratmeter som skal auke produksjonen, foredling og sikra Bømlo nye arbeidsplassar. Noko dei eigentleg skulle ha byrja å bygga på rundt desse tider.
– Med ein ny fabrikk har me større moglegheiter til å laga mykje meir foredla laks, meir Salma-laks, og kanskje få produktet enda betre enn i dag, seier Mersija Zekic, kvalitetskoordinator som har vore i bedrifta i 28 år.
Ho har håp om at fabrikken skal bli ein realitet likevel.
– Det var vondt den dagen me fekk høyre om skatten, men eg har håp. Er me heldige så unngår me fleire parkeringsplassar, fortel ho vidare.
Bremnes Seashore leverte inn eit høyringsforslag på grunnrenteskatten, som Intrafish har omtala tidlegare, om korleis ein kan få auka botnfrådrag med hjelp av foredling. Og på den måten gi incentiver til norske bedrifter til å satse på foredling.
– Me meiner foredling er det rette for landet. Då aukar ein verdien på råstoffet, får fleire arbeidsplassar og då igjen meir inntekter og skatt til staten. Det er det som skapar lys i husa langs kysten, seier Økland.
Sp-ordføraren
Bømlo-ordførar Sammy Olsen brukte som liten gut fleire somrar på fiskemottaket i Kvednavikjo. Der fekk han på nært hald sjå korleis Bremnes Seashore vart til under Olav Svendsen Sr. I dag er det Bømlo sin største arbeidsplass blant private selskap. Det blei ikkje oppdrett på han sjølv, men eit langt liv i fiskeri. På kontoret hans på rådhuset heng fleire bileta av sjarken hans.
– Nokon fekk oppdrett veldig godt til då ein starta. Blant anna «Olafen». Oppdrettsnæringa er i dag ein av Bømlo sine styrkar, seier Olsen.
Han representerer Senterpartiet. Eit parti som har fått mykje kritikk frå kysten for forslaget om grunnrenteskatt. Sjølv håpar han at kollegaene i regjering landar på ein skatt alle kan leva med.
– Eg har sjølv eit klart bilete i hovudet på korleis Kvednavikjo såg ut før dei bygde seg ut til det me ser i dag. Eg trur ikkje dei som sit og reknar på tal har forståing for kva me på kysten driv med. Dei må ut i felt og sjå det sjølve, seier Olsen til Intrafish.
Han dreg parallellar endlengre tilbake i tid enn sin eigen barndom, heilt tilbake til kongen Magnus Lagabøte på 1200-talet.
– Han fekk tradisjonelle fiskarar til å betale landslut. Dei betalte for å bruke ålmenta, så det er ikkje ukjente tankar å betale for å bruk av areal. Men det er storleiken det er snakk om. Eg håpar i det lengste at dei ikkje skattlegg næringa så mykje at det blir stogg i utviklinga.