Selde laks svart for kontantar og brennevin

Den tidlegare daglege leiaren og slakterisjefen på Alsaker sitt lakseslakteri Vikingfjord tilstod i retten fredag å ha selt rundt 23 tonn laks med ein marknadsverdi på 1.249.322 kroner.

I løpet av fire år selde den tidlegare slakterisjefen rundt 23 tonn laks svart til lokale kjøparar frå Alsaker sitt lakseslakteri Vikingfjord i Kvinnherad kommune.
I løpet av fire år selde den tidlegare slakterisjefen rundt 23 tonn laks svart til lokale kjøparar frå Alsaker sitt lakseslakteri Vikingfjord i Kvinnherad kommune.Foto: Marius Nissestad/Grenda

I forklaringa for retten fortalde mannen at han ikkje hadde fått betalt marknadsverdi for laksen, og at beløpet han hadde fått var langt lågare. Totalt var det åtte kundar som kjøpte laks svart i perioden. Det meste av laksen vart selt til prisar under marknadspris.

– Det meste av pengane vart brukt på daglegdags forbruk. Eg brukte kontantar der eg kunne. Eg ville berre bli kvitt pengane. Eg har ikkje investert pengane i eigedom eller andre ting, forklarte mannen.