Det skriv NVE i ei pressemelding.

Salbu Produksjon AS skal bygge eit nytt settefiskanlegg ved Salbu i Hyllestad Kommune i ytre Sogn. Ved hjelp av resirkuleringsteknologi skal dei produsere inntil 1200 tonn/4,5 millionar laks.

Det er gjeve løyve til å ta ut inntil 167 l/s (10 m3/min) frå Kviadammen på kote 15 i Salbuelva.

Ramsgrøvatnet kan regulerast mellom kote 143,3 (LRV) og kote 145,0 (HRV). Vatnet skal sleppast frå Ramsgrøvatnet via Salbuelva til inntaksdam ved Kvia.

NVE har sett krav om minstevassføring heile året av omsyn til mellom anna sjøaure og ål.