Under eit møte i Bergen Næringsråd tysdag fortalde fiskeri- og sjømatminister Harald Tom Nesvik at departementet har bestilt eit arbeid frå Havforskingsinstituttet (HI) og Veterinærinstituttet (VI) som saman skal skissere ein ny lokalitetsstruktur i PO 3 innan 1. mai 2020.
- Aktørane skal også bli invitert inn i dette arbeidet, understrekar Nesvik.
Krevjande situasjon i PO 3
Det var i samband med at ministeren snakka om årets fargelegging av dei ulike produksjonsområda at han tok opp at det ikkje er noko løyndom at situasjonen i PO 3 er krevjande.
- Lokalitetsstrukturen er ikkje ideell med tanke på smitte- og lusespreiing. Det er ikkje utenkeleg at endra lokalitetsstruktur i PO 3 vil gje betring i eit miljøperspektiv. Det er oppdrettarane sjølv som må einige, men departementet kan hjelpe, seier Nesvik.
Ministeren skryt også av arbeidet oppdrettsnæringa i PO 3 har gjort på eige initiativ for å hente inn kunnskap om lakselus frå oppdrett sin innverknad på den ville laksesmolten – altså kunnskap om indikatoren som avgjer fargen på trafikklyset.
- Denne forskinga er eit viktig supplement til styresmaktene sin eigen innsats på området, seier Nesvik.
Må sjå til PO 2 og PO 4
Even Søfteland, som gjennom sitt konsulentselskap Capmare hjelper oppdrettarar med ulike oppdrag, og som mellom anna fungerer som ein koordinator mellom fleire selskap i området, er glad for rosen ministeren gir til næringsaktørane og at HI er instruert til å ta med næringsaktørane i arbeidet som skal gjerast.
- Men det er to ting som er viktig om ein skal sjå på lokalitetsstrukturen i PO 3.For det første må ein også sjå på PO 2 og PO 4. Det er i dag fem aktørar i PO 3 som har lokalitetar i PO 2, og elleve aktørar i PO 3 som har aktivitet i PO 4. Det andre er at departementet må følgje opp dersom ein blir einige om ein ny struktur, slik at ingen instansar, som til dømes Fylkesmannen, kan stoppe dette slik ein har opplevd i Hardangerfjorden før, seier Søfteland.
- Kan du garantere at ingen offentlege instansar kan stoppe noko ein blir einige om i dette arbeidet?
- Eg kan ikkje gi nokon garantiar for andre, men dersom ein blir einige om eit nytt lovverk, så må alle følgje det, seier Nesvik til IntraFish.
Vurdere større og færre lokalitetar
Geir Lasse Taranger, fagdirektør akvakultur, marint miljø og teknologi ved Havforskingsinstituttet, fortel til IntraFish at bestillinga frå departementet seier at dei institutta skal bruke ulike modellar for å rekne på alternative lokaliseringsscenario.
- Det handlar om å kanskje redusere eller fjerne dei verste lokalitetane. Havforskingsinstituttet brukar straummodellar og kunnskap om lus og andre smittestoff. Veterinærinstituttet har god erfaring om kor langt virus kan spreie seg frå anlegg til anlegg, seier Taranger.
- Havforskingsinstituttet og Veterinærinstituttet har vel ikkje alltid samsvarande modellar for smittespreiing. Korleis skal de løyse det?
- Me på Havforskingsinstituttet er veldig opptatt av å ha med vass-straum når me bereknar smittespreiing. Veterinærinstituttet har mykje god kunnskap om smittespreiing. Me må bruke den beste kunnskapen frå begge, svarar Taranger.
Arbeidet med å modellere ein ny lokalitetsstruktur er framleis heilt i starten. Men målet er at dei skal vere ferdige til fristen 1. mai. Taranger fortel at dei har vore førebudd på dette arbeidet ei lita stund og at det er sett av ressursar til arbeidet.
- Me startar ikkje på null, seier han.
Oppstartsmøte over nyttår
- Det første me kjem til å gjere er å invitere til oppstartsmøte der alle næringsaktørane i PO 3 vil bli invitert til å dele sin kunnskapserfaring. Det kan godt hende at dei veit det er lokalitetar som er utfordrande. Oppstartsmøte vil kanskje bli på nyåret, eg veit ikkje om me rekk det før jul, seier Taranger.
Han ser for seg at det vil bli etablere nokre få ulike scenario som prosjektet skal rekne vidare på. Deretter vil det bli lagt fram for styremaketen og aktørane.
- Det kan godt tenkast at større men færre lokalitetar kan gje ein betre situasjon. Så må det bli opp til forvaltinga å bestemme om ein kan legge til rette for ei raskare handsaming av lokalitetsklareringar, kanskje som ein pilot med tanke på større biomasse på enkelte lokalitetar. Det er mange små lokalitetar i PO 3 samanlikna med andre delar av landet, seier Taranger.
- Strukturen i PO 4 og PO 2 er ikkje ein del av prosjektet. Samstundes er det fleire selskap som har lokalitetar i fleire produksjonsområde som inngår i selskapets samla driftsplan. Kva tenker du om det?
– Det er eit relevant poeng, og noko det vil vere nyttig å få gode innspel på i eit oppstartsmøte. Oppdraget er knytt til PO 3 men det kan jo vere at me avdekker at me må tenke større om dette. Me må finne ut av dagens produksjonsregime, og det kan vere at endringar i PO 3 får følgjekonsekvensar som me kanskje ikkje får løyst i første omgang. No skal me finne ut om dette er noko som kan vere med å redusere smittepress mellom lokalitetar og over på villfisk, svarar Taranger.