- Ein kan bli blenda av all teknologien der ute, men det kjem alltid ned til ein ting. Biologi. Å få fisken til å vekse raskt gjennom å sørgje for god helse og effektiv fôring, sa Torsvik under seminaret Global Aquatech Summit på North Atlantic Seafood Forum i Bergen tysdag.

Han gjekk gjennom ein del tilbakemeldingar dei som utstyrsleverandør får frå kundane.

- Det me høyrer ofte er at det er mangel på kompatibilitet mellom utstyr, både når det kjem til teknisk utstyr og programvare.