Førre veke meldte IntraFish at lakseprisane steig betydeleg frå eit lågt nivå i vekene før.

Denne fredagen heldt prisane seg nokolunde stabile, med ein svak trend nedover - i hovudsak for den største fisken. IntraFish har snakka med fleire industrikjelder for å hente inn prisar på fersk laks som skal leverast neste veke.

– Prisane er veldig varierte eigentleg. Til oppdrettar ligg prisane på fisk mellom 3–6 kilo alt frå 44–47 kroner – og noko lågare for fisk over seks kilo, seier ein eksportør.