Siste veke vart nye 243.174 Grieg-aksjar selt av investeringsselskapet Kontrari. Det viser oppdateringar frå aksjonærregisteret Oslo Børs VPS Arena. Dermed er Teigen nede i 3,13 prosent av alle Grieg-aksjane etter at Kontrari i midten av mars passerte 5 prosent-grensa på veg ned.

Samla har Kontrari selt over 2,1 millionar aksjar i Grieg Seafood sidan midten av mars. Dei fleste vekene i denne perioden er mellom 200.000 og 300.000 aksjar selt.

Samla har Kontrari framleis 3,5 millionar aksjar i Grieg Seafood.