I langtid har vi diskutert «bærekraftige løysingar». Omgrepet har mangedefinisjonar. I dennesamanhengen tenkjer vi langs tre dimensjonar: biologisk, sosial og økonomiskbærekraft. Med biologiskbærekraft meiner vi bevaring av det biologiske mangfaldet; sosial bærekraft inneberat folk treng ein samfunnsstruktur, ein stad å bu, ein jobb å gå til; og med økonomiskbærekraft meiner vi at folk må ha eit godt privat utkome, i dag, og langt inn iframtida.

Ei rekkje premissar må såleis på plass. Innafor mange fagfelt, somsamfunnsfag, biovitenskap, profesjonsfag m. fl. har vi brukt mindre tid på denviktige rolla som teknologi spelarfor å utvikla bærekraftige løysingar.

I vår tider samfunnsoppdraget for universiteta, slik vi ser det, å ta del i eibærekraftig verdiskaping.

Med verdiskaping tenkjer vi ikkje her bare på den økonomiskedefinisjonen.  Sektoren sitt bidrag tilverdiskaping er undervisning, forsking og spreiing av kunnskap og ikkje minstnye løysingar som kan nyttast i offentleg og privat sektor. Vi må visa at detvi produserer er viktige bidrag til bærekraftige løysingar både frå eit biologisk, sosialt og økonomisk perspektiv. Teknologi integrert både i forsking,utvikling og undervising vil gi verdfulle tilskot til ei bærekraftigverdiskaping. Å integrera teknologi krev nytenking kombinert med klare ogmålretta strategiar for sektoren.

Den førreregjeringa oppmoda alle institusjonane i universitets- og høgskulesektoren tilå utarbeida innspel til ein 10-årig langtidsplan / strategi, som skulleleverast 1. oktober 2013. Dokumentet skal vera eit levande dokument som bliroppdatert årleg.

Dette var ein utfordrande prosess og Universitetet i Nordlandla store ressursar arbeidet. Vi meisla ut vår strategi med eitt mål for auget; åbidra til bærekraftig verdiskaping.

Med basis i universitetet sitt fagmiljø og denlokaliseringa UiN har i ein region med sterk kysttradisjon og stor verdiskapingknytt til kystsona, var det naturleg å fokusera på følgjande områder iprofilen:

  • Blåvekst
  • Innovasjonog entrepenørskap
  • Velferd

Også overnasjonaleorgan som t.d. FN konkluderer at utviklinga i kystsona blir svært viktig i årasom kjem. Innbyggjartalet i kystsona vil auka sterkt, oghavet er avgjerande for å løysa globale utfordringar som tilgang på meir mat ogfornybar energi, inkludert bioenergi. Havet spelar også ei viktig rolle iklimaregulering.

Blå vekst er såleis tufta på nasjonale og internasjonale strategiar,der målet er å få til ei bærekraftig utvikling i  kystsona for å skapa global velferd. Derforer det også essensielt for dei verdiskapingsprosessane som UiN skal bidra i at universitetethar framifrå kompetanse innan innovasjon og entrepenørskap. Dette er kritiskfor å få til raske og målretta prosessar knytt til nyskaping og forbetring bådei offentleg sektor og i næringslivet. 

Avansertteknologi og tekniske løysingar blir stadig viktigare både i offentleg ogprivat sektor. I dag er det tallause dømer på at produksjon blir flytta frålåg- til høgkostnadsland fordi avanserte tekniske løysingar reduserer produksjonskostnadeneog aukar kvaliteten på varer og tenester.

Internt ved UiN har vi allereie dregefordelar av å kombinera avansert teknologi og biologi ved Fakultet forbiovitenskap og akvakultur (FBA). Ved FBA har vi dei siste åra investert ca. 20millionar i avansert teknisk analyseutstyr innafor fagområdet genomikk (analyseav det komplette arvestoffet hjå ulike organismar). Dette  utstyret blir nyttafor å få ei djupare forståing av biologiske prosessar som gjer oss betre istand til å bidra med meir bærekraftige løysingar både frå eit miljømessig ogøkonomisk perspektiv.

Vi gjer banebrytande arbeid ved å kombinera den mestavanserte kunnskapen og kompetansen frå to svært ulike disiplinar, biologi ogteknologi.

UiN vilposisjonera seg med svar på dei globale utfordringane og bidra til aukaverdiskaping. Derfor vil institusjonen integrera teknologi i forsking,utvikling og undervising. Miljømessig bærekraftige løysingar er teknologiskbaserte.

I eit høgkostland som Noreg må vi aktivt ta i bruk ny teknologi for åha ein konkurransedyktig offentleg og privat sektor. Ved hjelp av avanserteteknologiske løysingar har t.d. både oljeindustrien og akvakulturnæringa hattei eventyrleg utvikling  dei siste 40åra.

Vi har fått næringsverksemd som har skapt grunnlag for ein unik velferdsauke. 

For å oppnådette ønskjer UiN å utvida samarbeidet med teknologisk avanserte miljø båderegionalt, nasjonalt og internasjonalt.

Vi tek dette grepet for å styrka einBlå vekst tufta på innovasjon og entreprenørskap, som bidreg til global verdiskapingog velferd.