Ville ha 1,2 mill. kroner - må betale 100.000 kroner

Bergen: Meklarfirmaet Atlas Shipping AS kravde provisjon eller erstatning avgrensa oppover til 1,2 mill. kroner for eit arbeid andre hadde utført. I staden lyt meklarane i Kristiansund ut med 100.000 kroner i sakskostnadar til reiarlaget Inger Hildur AS frå Elnesvågen i Fræna kommune, skriv Fiskaren.

Striden gjeld salet av av dei to fiskebåtane MS «Sajana» og MS «Ingunn». Atlas Shipping meinte at dei hadde ein kontraktsfesta rett i seks månader til å selje desse båtane på vegner av reiar Lodve Gjendemsjø og dei andre luteigarane i familien.

Likevel vart begge båtane omsette gjennom meklarfirmaet Janson Shipbrokers AS i Bergen eller med hjelp frå Janson, etter initiativ frå kjøparane. Men eit springande punkt i kontrakten var at kjøpar skulle vere «presentert og representert» av Atlas Shipping. Det var firmaet i Kristiansund ikkje i desse tilfella ikkje, og Romsdal tingrett er difor ikkje i tvil om at Inger Hildur AS må frikjennast og tilkjennast vederlag for sakskostnadar og andre utgifter frå saksøkjar.

Avtalar mellom ein oppdragsgjevar og ein meklar er normalt ikkje til hinder for at vedkomande oppdragsgjevar kan ha meklaravtalar med andre meklarar, slær tingretten fast.

Provisjon eller vederlag for arbeidet tilkjem normalt den meklar som får i stand ein avtale mellom oppdragsgjevar og ein kjøpar, med mindre anna er sagt i dei inngåtte avtalane. Dette inneber at meklarar risikerer å leggje ned ein betydeleg arbeidsinnsats utan å få vederlag for denne.

Berre dersom ein meklar har fått tilsagn om at sal ikkje skal skje gjennom andre meklarar, kan dette vere kontraktsbrot og gje grunnlag for erstatning dersom denne føresetnaden vert broten, seier retten i premissane for domen.

Dette er ikkje tilfelle i denne prosessen med dei vilkår som står i avtalen. Atlas Shipping AS har difor «tapt saka fullstendig», skriv tingrettsdomar Oddne Hansen. Saka har ingen tvil i seg, og saksøkjar må difor også ta på seg dei kostnadar som saksøkte har hatt, vert det sagt i domen.
(Vilkår)
Publisert 2. juni 2004, kl. 05.00Oppdatert 2. juli 2012, kl. 03.30