Aldri før har eksportverdien av norsk sjømat vore høgare enn i 2023, ifølge pressemeldinga frå Norges sjømatråd.

– 2023 blei tidenes beste verdimessige år for norsk sjømateksport. Sjømat er framleis ein av Noregs aller mest etterspurde globale handelssvarar og har for alvor befesta seg som landets nest største eksportprodukt, bak olje og gass, seier administrerande direktør i Norges sjømatråd, Christian Chramer i meldinga.

Christian Chramer, administrerende direktør, Norges sjømatråd. Her på Sjømatrådets fremlegging av årstallene torsdag 4. januar. Foto: Gunnar Lier

Fiskeri- og havminister Cecilie Myrseth er nøgd med tala.

– Sjølv om den svake krona er hovudgrunnen til verdiveksten, viser dette at norsk sjømat står sterkt i utlandet. Det har sjømatnæringa all grunn til å vere stolt av – frå den minste sjarkfiskaren til folka på dei største havbruksanlegga, uttalar ho i meldinga.

Dette er hovudtala for 2023:

  • Totalt eksportert for 172 milliardar kroner
  • Det svarar til 39 millionar måltid kvar einaste dag – året rundt
  • Eksportverdien auka med 20,7 milliardar kroner, eller 14 prosent, samanlikna med 2022
  • Verdien frå havbruk utgjer 75 prosent av den totale sjømateksporten målt i verdi, medan det i volum utgjer 46 prosent
  • Laks utgjer 71 prosent av den totale verdien for heile sjømateksporten, med ein eksport på 1,2 millionar tonn til ein verdi av 122,5 milliardar kroner
  • Noreg eksporterte til totalt 153 land
  • Dei største marknadane var Polen, Danmark og USA

– Stor etterspurnadsvekst

Ifølge Paul T. Aandahl, sjømatanalytiker i Norges sjømatråd, har det aldri blitt eksportert meir laks og aure enn det som blei eksportert i 2023.

Paul T. Aandahl, sjømatanalytiker i Norges sjømatråd. Foto: Marius Fiskum/Norges sjømatråd

Av dei 172 milliardar kronene det blei eksportert for i fjor, var 128 av dei for laks og aure, fortel han då vi snakkar med han i forkant av framlegginga av eksporttala i Oslo torsdag.

– Men volumet er falt. Det er cirka to prosent nedgang totalt for laksefisk, så prisaukinga meir enn kompenserer for fallet i volum, seier Aandahl.

Sidan 2019 har det vore ein årleg vekst i lakseeksporten på om lag 14 prosent årleg, medan fastlandseksporten, altså all eksport utanom olje, gas og skip, har auka med 11.

– Laksefiskens andel av fastlandseksporten er no på 18 prosent – mot 16 prosent for fem år sidan, seier han, og legg til at det er grunna stor etterspurnadsvekst etter laks og aure:

– Det gjer at ein får ekstra draghjelp, men andre eksportnæringar har også hatt nytte av den svake norske krona.

Fleire rekordar

I tillegg til verdirekord, blei det i fjor rekord for månadar på rad med vekst i eksport av laks. No har det nemleg vore vekst 34 månadar på rad. Førre rekord var på 33 månadar, og blei avslutta i mai 2011.

– Aukinga vi hadde i 2023 varierte litt frå månad til månad. Den sterkaste relative veksten var i mars med 34 prosent auking, medan det i desember berre auka med 4 prosent. Grunnen til at desember var så svak, var at volumet blei svekka med 9 prosent i forhold til desember i fjor, seier Aandahl.

Det blei også prisrekord i 2023.

– Totalt låg det på 92,63 kroner i gjennomsnitt, altså 13,98 kroner høgare og 18 prosent opp frå 2022.

Han fortel også at prisforskjellen mellom første og andre halvår auka også i fjor. I 2022 auka den med 14 kroner, medan den i 2023 auka med 22 kroner.

– Vanskeleg å spå

Dessutan har det vore eit lite frambrot når det kjem til tilarbeiding, ifølge analytikaren.

– Dei siste åra har vi hatt ei auking i eksporten av fersk filet. Frosenfileten har også auka. I 2023 er det eit fall i volum både på fersk og frosen filet, medan eksporten av fersk laks er stabil. Eksporten av fersk filet fell med 8 prosent og frosen fell med 4, seier han og legg til at det altså blir mindre vidareforedling i Noreg.

– Men det har vore ei auking dei føregåande åra, seier han.

– Vil det fortsette i 2024?

– Det er litt vanskeleg å spå. Vi ser jo at det er ein kontraktsmarknad som sannsynlegvis har blitt mindre, pris på varer har auka kraftig og stenging av russisk luftrom har hatt negativ konsekvens for eksport til Japan. Det har også vore valutaeffektar som kjem på toppen av alle dei andre utfordringane, svarar han.

I tillegg har det vore usikkerheit rundt grunnrenteskatten som skapte turbulens i marknaden i fjor haust, seier han.

Frankrike mest tilbake

– Har krigføringa mot Gaza påverka noko, med tanke på eksport til Israel?

– Akkurat det er litt vanskeleg å måle, fordi Noreg deler marknad med Chile, og vi ser at Chile i ein periode har auka sin eksport kraftig til Israel medan Noreg sin eksport har falt. Så totalt sett har marknaden vore ganske stabil, medan Ukraina er eitt av dei største vekstmarknadene for laksefisk målt i volum i 2023.

Ifølge Aandahl er det berre Kina som ligg framfor Ukraina i volum.

Landet som går mest tilbake i volum, er Frankrike.

– Det går også tilbake for Skottland, så det er ein marknad som fell ein del samanlikna med 2022. Det må vi sjå i samanheng med auka pris og kanskje lågare kampanjeaktivitet retta mot konsumentane, seier han.

– Var det noko som overraska deg i 2023?

– Det som overraska var kanskje at vi fekk eit mindre volum enn forventa, og det gjer jo at vi ser at prisen fortset å stige etter den store veksten i 2022. Det er uvanleg at prisen stig to år på rad etter eit sånt prishopp, men det heng saman med nedgangen i volumet, svarar han.

Kan gå fleire vegar

Når det kjem til forventningane for 2024, seier Aandahl at det er krefter som kan trekke det i litt forskjellige retningar.

– Vi ser for eksempel at prisen for kjøt i internasjonal handel går ned samanlikna med i 2022. Det betyr at laksen sin konkurransekraft mot andre protein kan bli svekka, men viss vi ser på prisen til konsument, så er det ikkje eit like eintydig bilde.

Han fortel at dei då ser at lakseprisen prosentvis blir endra like mykje som prisen for kjøt, eller sjømat generelt. Laksen har altså ikkje hatt ein annan prisutvikling enn dei konkurrerande proteina – enno.

– Prisen i internasjonal handel går tilbake. Men reint historisk har vi sett at når prisveksten stoppar opp, så kjem konsumentane tilbake til laksen, forklarar han.

Optimistisk

– Dei kjøparane som held oppe konsumet i dag, er «lakseelskarane» – dei som kjøper ofte. Medan dei som fell frå, er dei som har frå middels til lågt konsum, fortel Aandahl.

Men når prisen blir stabilisert, så forventar han at kampanjeaktiviteten tar seg opp igjen, og altså at ein får tilbake dei som et middels mykje, eller sjeldan, laks.

– Vi ser allereie trenden med at dei kjem tilbake. Og den fallande trenden vi har hatt volummessig i mange marknad har snudd til heimekonsum.

– Trur du hausten 2023, med fleire saker som har vore dårleg for omdømmet, vil påverke eksporten i 2024?

– Vi har ikkje sett at dei sakene som har vore i Noreg no har hatt gjennomslagskraft i den internasjonale marknaden, så eg forventar eit sterkt laksemarknad og lav tilbodsvekst i 2024, svarar analytikaren.

– Så viss ein held på med laks kan ein vere optimistisk for det nye året?

– Ja, eg trur at vi framleis berre har ein god og sterk laksemarknad.