Eksportselskapet Ocean Supreme omsette for 1,76 milliardar kroner i fjor, ein oppgang på 19 prosent frå året før. Det viser årsrekneskapen for selskapet.

– Me er fornøgde med det. Det var utfordrande på logistikk i fjor og eigentleg må ein følge ganske godt opp. Det er krevjande arbeidsmessig for kontoret og dei tilsette har gjort ein veldig god innsats. Me klarte å auke aktivitet og omsetnad. I fjor var det meir fisk tilgengelig, med auke i slaktevolum i Noreg.