Saka er oppdatert 25. januar klokka 09.30 med svar på spørsmål om kor mykje areal som skal sprengast vekk for å bygge anlegget.

Nordlaks har tre smoltanlegg frå før. Eitt av dei ligg i Nusfjord i Flakstad kommune i Lofoten. Nusfjord er eit av dei eldste fiskevêra i Noreg.

No informerer selskapet om at dei investerer 400 millionar kroner på å bygge ut nettopp dette anlegget.

I ei melding frå selskapet, fortel dei at dei skal behalde dagens anlegg, som består av åtte utandørs kar, men at dei no altså i tillegg skal bygge nytt anlegg. Det er det Overhalla bygg som skal levere. Det blir også ny dam, og ny kai med tilhøyrande veg.

Satsar på smolt

– I Nusfjord kjem yngelen i dag frå anlegget på Innhavet. Når det nye anlegget står ferdig, vil Nusfjord få eige klekkeri og startfôring, noko som også vil styrke biosikkerheita ved anlegget, heiter det i meldinga.

Øyvind Skjevling. Foto: Nordlaks/Deadline Media

Direktør for Nordlaks smolt, Øivind Skjevling, uttalar i meldinga at det er del av Nordlaks sin strategi å satse på større smolt, og at dette gir moglegheita til å auke produksjonen i Nusfjord betrakteleg.

– At vi kan produsere større smolt på land, gjer det mogleg å drive enno meir berekraftig, seier Skjevling.

Selskapet framhevar at større smolt minskar tida fisken er i havet, og at den dermed blir mindre eksponert for lus og sjukdom.

Full drift frå hausten 2025

Leiar for marknad og kommunikasjon i Nordlaks, Heidi Torkildson Ryste, fortel at dei allereie er i gang med arbeidet med det nye anlegget. Planen er å ha det i full drift frå hausten 2025.

Leiar for marknad og kommunikasjon i Nordlaks, Heidi Torkildson Ryste Foto: Nordlaks/Deadline Media

– Kva er grunnen til at de går i gang med dette no?

– Vi har jo heile tida sagt at vi ikkje skal stoppe og investere, men gjere det vi kan for å utvikle og sette i gang igjen prosjekt så mykje som mogleg, men vi måtte sørge for at det var økonomisk berekraftig etter grunnrenteskatten, seier ho.

Ryste seier dei har mange prosjekt dei har lyst å setje i gang med, men at dei må prioritere det som er mest fornuftig og strategisk. Og her er smolt noko av det dei vil satse på, ifølge Ryste.

Skal ta vare på særpreget

Ryste framhevar at det har vore viktig for dei å ta vare på særpreget i fiskevêret Nusfjord.

– Vi har hatt dialog med grunneigar, kommune og arkitektar, og det er gjort på mest mogleg skånsam måte.

Nordlaks sitt smoltanlegg i Nusfjord. Foto: Nordlaks / Terje Nergård Nilsen

I meldinga frå selskapet skriv dei også at når det gjeld både utnyttinga av tomta og bygget, er det lagt vekt på at dei skal vareta særpreget i Nusfjord. Måten dei har gjort dette på, er ifølge meldinga at anlegget er bygd ned i terrenget og er mest mogleg skjerma frå vegen. Det blir bygga med saltak og ny kai blir tilpassa med trefront og gamal stil.

– Er det nokon som bur i nærleiken, at de også har hatt dialog med innbyggarar?

– Så vidt eg veit bur det ingen rett ved anlegget, svarar Ryste, og forklarar at anlegget ligg langs vegen rett før du kjem til Nusfjord.

– Kor mykje areal må sprengast bort for å bygge anlegget?

– Området som er omregulert til industriformål er på 11,1 dekar, men kor mykje areal som må sprengast bort har vi ikkje heilt oversikt over enno, svarar Ryste.

Blir RAS-anlegg

I Nusfjord har Nordlaks hatt konsesjon sidan 1993 og anlegget blei sist renovert i 2007.

Illustrasjon av det nye anleggsbygget i Nusfjord. Foto: Longva Arkitekter

Det eksisterande anlegget er eit gjennomstrøymingsanlegg, medan det nye anlegget på 6 000 kvadratmeter vil vere eit RAS-anlegg (resirkulerande akvakultursystem).

– Ein annan viktig skilnad frå dagens anlegg, er at utsleppspunktet blir flytta frå pollen utanfor anlegget og ut i Vestfjorden. Der er det meir straum og fjorden har større toleevne, heiter det i meldinga.

Nordlaks har også trekt fiber til sjølve Nusfjord og opp til dammen, i dag er det berre ein mobilmast i Nusfjord.