Torsdag formiddag kritiserte både Sjømatbedriftene og Sjømat Norge samansettinga i det utnevnte prisrådet. Dei var også skuffa over at ingen av deira forslag til kandidatar har blitt vald inn.

Geir Ove Ystmark, direktør i Sjømat Norge, sa til Intrafish at sidan det er så få personar i rådet som kjenner næringa, meiner han at regjeringa har gitt rådet «eit svært vanskeleg utgangspunkt for å klare å gjere ein skikkeleg jobb».

Vi tok ein telefon til den nyleg utnemnde leiaren av prisrådet, Ola Oldernes, for å høyre kva han sjølv tenker.