(Saken er oppdatert 8.januar med nytt avsnitt om Sjømat Norges årssamling i Tromsø 11.januar)

Kva tenker oppdrettarane om det som ligg føre dei - og det utfordrande året dei har lagt bak seg? Vi har snakka med nokre av dei.

Martin Sæterstad Kulseng er dagleg leiar i Selsøyvik havbruk – eit lite selskap nord for polarsirkelen på Helgelandskysten.

Han fortel at dei i 2023 slakta litt færre fisk enn i 2022.

– Og for vår del har vi sett litt høgare prisar enn i fjor.