Denne figuren viser vekstmoglegheiter for oppdrettarane
Det er stor skilnad mellom selskapstillatingane og klarert lokalitetskapasitet. Det meiner regjeringa viser moglegheiter for kor mykje laks som kan produseras.
Tanken til regjeringa er at oppdrettarane skal bli målt og regulert ut frå deira faktiske miljøpåverknad, der lusekvotar seier noko om kor mykje luseutslepp som er innanfor i eit område og over tid.
Dette vil gje aktørane større fleksibilitet og insentiv til å tilpassa drifta innanfor desse rammene, enn i det dagens system, meiner regjeringa. Dette inneber at det berre er verksemda sin faktiske påverknad som set grensa for kor mykje dei kan produsera, står det i havbruksmeldinga.