Blant resolusjonane som er spelt inn til Høgre sitt landsmøte i helga, er det tre stykk innan finans. Alle tre handlar om grunnrenteskatt på havbruk.

– Kor «stor» blir saka om grunnrenteskatt på havbruk på årets landsmøte?

– Det er stort engasjement i Høgre i denne saka sidan den har stor verknad for mange arbeidsplassar og lokalsamfunn langs kysten. Det er levert fleire resolusjonar om temaet og eg forventar mange engasjerte innlegg. Eg trur likevel landsmøtet vil vere samstemt om at vi må lytte til innspela frå høyringsprosessen og at vi må ha ei skattlegging av havbruksnæringa som sikrar vekst og utvikling i ei av våre viktigaste næringar, skriv Helge Orten, stortingsrepresentant i Høgre frå Møre og Romsdal og fungerande finanspolitisk talsperson medan Tina Bru er i permisjon, i ein e-post til Intrafish.