Innlegg

Skrevet av samfunnskontakt hos Firda Seafood Group, Øyvind Kråkås.

Øyvind Kråkås Foto: Vilde Ferah Molven

I den ferske stortingsmeldinga «Folk, fisk og fellesskap», slår regjeringa fast at det ikkje skal vere ressursrenteskatt på fiskeri, så lenge næringa bidrege til aktivitet og sysselsetjing i lokalsamfunna.

Vi ynskjer å rose dette standpunktet, og ventar at det og vil syne att i havbrukspolitikken framover.

I 2022 varsla den same regjeringa at havbruksnæringa skulle påleggast 40 % ressursrenteskatt, fordi fisken lever siste delen av produksjonssyklusen i sjø. Seinare vart satsen endra gjennom eit forlik i stortinget, men prinsippet vart oppretthalde.

Til trass for at der er påvist ei stor overføring av verdiar til storsamfunnet og lokalsamfunna, i form av sysselsetjing, busetnad, skatt, særskatt (produksjonsavgift), betaling for vekst til Havbruksfondet og ringverknader i form av tenesteyting og varekjøp, konkluderte stortingsfleirtalet med at grunnrenteskatt var på sin plass.

I samband med «Folk, fisk og fellesskap», slo derimot regjeringa og fiskeri- og havminister Cecilie Myrseth fast at «Regjeringa vil ikke å skattlegge ressursrenten i fiskeriene. Men, det forutsetter at den går tilbake til lokalsamfunnene langs kysten gjennom aktivitet og sysselsetting. Fiskerne får nyttiggjøre seg av felleseide naturressurser, og samfunnet må ha verdiskaping til gjengjeld».

Her meiner vi statsråden fører politikken inn på eit viktig og riktig spor. Næringar som skaper sysselsetjing og busetnad i kystkommunar som slit med svak etablering, bør vere ankerfestet for distriktspolitikken. Desse bør ikkje skattast hardare enn bedrifter som gjere naturinngrep på land, eller drar nytte av fortettingstrenden i samfunnet, til dømes datalagring og eigedomsutvikling.

Vi håpar at argumentasjonen frå statsråden og vil få verknader for havbrukspolitikken. Vår oppfatning er at investeringar frå eksisterande næring i distrikta vil vere meir effektiv bygdeutvikling, enn overføringar gjennom ulike offentlege utviklingsprogram, utan at vi på noko måte vil seie at det eine skal utelukka det andre. Tvert om vil auka aktivitet og gje skatteinntekter som storsamfunnet og kommunane kan prioritere bruken av sjølve.