Ordføraren i Vega er sliten. Det same er dei tilsette i administrasjonen i den vesle kommunen ytst i havgapet på Helgeland i Nordland.

– Me har jobba enormt mykje med saka. Men eg er mest bekymra for administrasjonen. Me har to saksbehandlarar som har jobba intenst med dette i to år. Dei er slitne. Det går utover andre ting som også burde vore gjort. Også økonomisk går dette utover kommunen, seier ordførar Andre Møller (Ap) til IntraFish.

Sjølv om Fiskeriministeren har sagt sitt – er saka endå ikkje 100 prosent avgjort.