Pressemeldinger

Se alle artikler

Eide fjordbruk klagar på avslaget om utviklingstillatelsar

Eide Fjordbruk sendte fredag klage på avslag om seks utviklingstillatelsar til Fiskeridirektoratet.

- Betre innsamling og bruk av data er nøkkelen til å få kontroll på noverande og framtidige trugsmål mot drifta, noko som er naudsynt for at næringa skal nå målet om vekst. Vårt prosjekt, som me har valt å kalla «Framsyn», svarar på denne utfordringa og fell klart innanfor ordninga med utviklingsløyve, skriv selskapet i ei pressemelding.

Dei skriv vidare at næringa vil driva med oppdrett i sjø i lang tid, og treng difor ny produksjonsteknologi og nytt utstyr som reduserer påverknaden frå omgjevnadane til fisken i merdane og vice versa. Eide Fjordbruk har difor framleis like stor tru på prosjektet.

- Utviklinga av sensorar, dataplattform og produksjonsteknisk utstyr er eit omfattande prosjekt, som ikkje let seg gjennomføra utan utviklingstillatelsar. Gjennom prosjektet «Framsyn» skal Eide og samarbeidspartnarane utvikla ein ny open dataplattform for oppdrettsnæringa som knyt saman nye sensorar, bøyesystem og andre datakjelder for å skaffe til vegs informasjon som ikkje er tilgjengeleg i dag, skriv selskapet.