Pressemeldinger

Se alle artikler

8 prosent auke i sjølaksefisket

I den ordinære sesongen i 2017 blei det fiska 295 tonn villaks og sjøaure i norske fjordar. Dette er 8 prosent meir enn året før. Størst auke hadde Nord-Trøndelag.

Ifølgje Statistisk sentralbyrå fordelte den samla fangsten seg på 290 tonn laks og 5 tonn sjøaure.

– Dette er ein auke frå året før på 8 prosent for laks og 20 prosent for sjøaure. Variasjonen i fangstane frå år til år heng i stor grad saman med tidspunktet for og storleiken på innsiget av laks til elvene. Endringar i reguleringa av fisket har òg mykje å seie, fortel seniorrådgjevar i SSBs seksjon for primærnæringsstatistikk, Trond Amund Steinset i ei pressemelding.

Størst fangst i Finnmark og Nord-Trøndelag

Finnmark er framleis det klart største fylket for sjølaksefiske i Noreg. Fangsten auka med 3 prosent frå året før, til 138 tonn i 2017, og utgjorde nær halvparten av det totale laksefisket i sjøen.

– Den største auken fekk vi likevel i Nord-Trøndelag. Der fekk sjølaksefiskarane i alt 59 tonn laks og sjøaure i 2017. Det er 38 prosent meir enn året før, seier Steinset.

Den nordtrønderske fangsten utgjorde dermed ein femtedel av det norske sjølaksefisket i 2017. Fangsten er den største i fylket sidan 2006.

Av fylka med redusert fangst i 2017 hadde Vest-Agder størst nedgang. Fangsten var 14 tonn, 2 tonn mindre enn året før.

Kommunane med størst fangst i 2017 var Namsos i Nord-Trøndelag og finnmarkskommunane Alta og Sør-Varanger.

Fekk fleire smålaks

Sjølaksefiskarane fekk fleire smålaks i 2017 enn året før. Nær halvparten av laksen var smålaks under 3 kilo, og berre 11 prosent var storlaks over 7 kilo. Dette gjorde at gjennomsnittsvekta for laks gjekk ned frå 4,6 kilo i 2016 til 4,0 kilo året etter.

Langs kysten frå Rogaland til Troms er det høve til å fiske etter rømt oppdrettsfisk i utvida sesong. Fisketida er frå 5. august til 28. februar, og fangsten er hovudsakleg rømt oppdrettsfisk, men med innslag av villfisk.

I sesongen 2016/2017 blei det fiska 4,5 tonn laks og sjøaure i dette fisket. Gjennomsnittsvekta var 3,3 kilo for laks og 2,7 kilo for sjøaure.

---

Hold deg oppdatert på hva som skjer i norsk og internasjonal oppdrettsnæring – følg oss på Facebook, Linkedin og Twitter, eller abonner på vårt daglige nyhetsbrev.