Pressemeldinger

Se alle artikler

Rømming frå Lingalaks

Lingalaks melder om rømming frå ein av selskapets lokalitar. Selskapet reknar med det er få laks som slapp ut og har starta gjenfangst.

— Det var ein hending med rift i not torsdag ettermiddag, på lokalitet Tveitnes ved ytre Ålvik i Kvam kommune, då eit notlodd vart senka, skriv selskapet i ei pressemelding.

Skaden vart umiddelbart oppdaga, loddet heva og holet sikra. Det er iversatt gjenfangst av rømt fisk i høve selskapets beredskapsplaner og i samråd med myndigheitene. Det vart fanga ein fisk på gjennfangstgarn fredag og 30 stykk laurdag.

Fisken i merden har snittvekt på ca 3,1 kg, med variasjon i området 2-4 kg. Fisken er ikkje behandla med medikament, og har ingen sjukdom.

— Det er truleg ein sjakkel som laga rifta i nota på 1,5x2,5m meter. Ein reknar med det er eit avgrensa talet på fisk som har kome seg ut. Lingalaks beklagar hendinga og har iverksat gjenfangst, skriv selskapet.