Pressemeldinger

Se alle artikler

Har fått melding om tre rømmingar på Vestlandet

Det er meldt inn tre rømmingsmeldingar til Fiskeridirektoratet region Vest sist veke.

På Osland sin lokalitet Eidesberget i Høyanger kommune vart det varsla om ei hending i samband med avlusing 30. november.

– Dårleg ver med mykje vind førte til at ein brønnbåt har kome opp på haneføtene (rammefortøyningane til merd-ringen) og ringen har blitt trykt ned, seier seksjonssjef i Fiskeridirektoratet region Vest, Leni Marie Lisæter i ei pressemelding.

I eit område på fem meters breidde har rekkverket vore under vatn. Osland har leigd inn eit fiskefartøy for å drive gjenfangst. 30 regnbogeørret er så langt gjenfanga.

Lingalaks sin lokalitet Tveitnes i Kvam herad har det skjedd ei hending under skifting av not 29. novmember.

– Ved utsett av lodd har nota hekta seg fast slik at det har oppstått ei revne på 2,5 x 1 meter, seier Lisæter i pressemeldinga.

Selskapet har fått pålegg om utvida gjenfangst og har leigd inn to fiskefartøy. Så langt er 100 laks gjenfanga.

I Masfjorden på lokalitet Knappen/Solheim oppdaga Havforskningsinstituttet (HI) ei rift i ei not på 10 x 10 cm på ti meters djupn, i samband med ein rutinekontroll. Fiskeridirektoratet blei varsla 29. november.

– HI veit ikkje korleis skaden har oppstått. Fiskeridirektoratet jobbar med å kartlegge moglege årsaker i samarbeid med selskapet. Ein har ikkje fanga rømd laks, seier Lisæter.

---

Hold deg oppdatert på hva som skjer i norsk og internasjonal oppdrettsnæring – følg oss på Facebook, Linkedin og Twitter, eller abonner på vårt daglige nyhetsbrev. Her finner du ett sett med ordforklaringer for næringen.