Pressemeldinger

Se alle artikler

Randal får ansvar for visningssenter

Den vesle gjestgjevar-staden Skjerjehamn i Gulen i Sogn og Fjordane har frå årsskiftet ansatt Viggo Randal med ansvar for visningssenteret for oppdrett og kulturformidling.

Skjerjehamn har i ei årrekke drive formidling ved Firda Seafood sin visningskonsesjon for oppdrett, og fornya i fjor den permanente utstillinga med konseptet ”Blue Garden” som vart åpna av fiskeridirektør Liv Holmefjord.

Eigar av Skjerjeham og Firda Seafood er Ola Braanaas.

Randal er for mange kjent som primus motor bak Utkant-festivalen siste veka i juli kvart år.

Den nye stillinga har hovudfokus på å vidareutvikle formidlinga av stadens tilknytting til oppdrett gjennom Firda Seafood sin visningskonsesjonen for laks og aure.

Randal sin familie starta med oppdrett så tidleg som i 1970.

- Nokre av dei første minnene eg har, er med eit ausekar i handa, innpakka i ein alt for stor redningsvest, når eg var med han far ned for å mate laksen og auren me hadde i ein heimesnikra merd. I min ungdom var eg aldri i tvil om kva eg skulle verte, eg skulle drive med oppdrett av fisk, nett slik far min gjorde, seier Randal i ei pressemelding frå Firda Seafood.

Fram til 2010 var det oppdrett som var inntektskjelda for Randal. Oppvekst og yrkesval har gjort han lommekjent i Gulen sin skjergard.

- I dag er det havbruk som bærer Skjerjehamn, og for oss som driv med havbruk er det viktig å formidla historia om kvifor verdiskaping frå oppdrett av laks og aure er så viktig for samfunn langs heile norskekysten, seier Braanaas i meldinga.

Skjerjehamn har gjennom det siste tiåret etablert seg som ein av dei største turist-destinasjonane i regionen. I 2018 var Skjerjehamn blant dei største stoppa med snøggbåten mellom Bergen og Sogn. Tett på 5.000 passasjerar var innom.

Skjerjehamn har vorten ein ynda plass for både lokale bedrifter, båtfolk, festivalgjester, bryllupsgjester og overnattingsgjester frå inn- og utland.

e79a1fcbb7df25730ff29d6adec7cb18 Skjerjehamn i Gulen i Sogn og Fjordane. Firda Seafood Foto: Pressefoto

---

Hold deg oppdatert på hva som skjer i norsk og internasjonal oppdrettsnæring – abonner på vårt daglige gratis nyhetsbrev.