Pressemeldinger

Se alle artikler

Ikkje kast slo frå rømd oppdrettslaks i Sognefjorden på sjøen

Mattilsynet oppmodar i ei melding folk til ikkje å kaste sloet og anna fiskeavfall på sjøen.

Den rømte oppdrettslaksen frå Slakteriet Brekke i Risnesfjorden hadde fått påvist pankreassjukdom.

- For å hindre spreiing av sjukdomen til vil laksefisk og laksefisk i andre oppdrettsanlegg, må dei som vil ta hand om fisken sjølv ikkje kaste sloet og anna fiskeavfall på sjøen, skriv Mattilsynet.

Mange fiskar no etter oppdrettslaksen som rømte frå Slakteriet Brekke i Gulen kommune. Fisken har ei snittvekt på i underkant av fire kilo. Selskapet har satt ut gjenfangstgarn og har fått pålegg frå Fiskeridirektoratet om å utvide gjenfangstaktiviteten ut til området Ortneset - Apestoda.

Mattilsynet anbefaler dei som fiskar den rømte oppdrettsfisken, å levere den til Slakteriet Brekke for destruksjon.

- Dersom ein sjølv ynskjer å ta hand om fisken, er det viktig at ein ikkje kastar sloet og anna fiskeavfall på sjøen, då dette kan medføre spreiing av pankreassjukdom. Fiskeavfall må difor kastast i matavfallet, skriv Mattilsynet i meldinga.