Pressemeldinger

Se alle artikler

Oppdatering om rømmingen i Sogn

Fiskeridirektoratet har pålagt Slakteriet Brekke AS miljøovervaking av 15 laksevassdrag i Sognefjorden etter rømmingshendinga ved anlegget i september.

Fiskeridirektoratet fekk måndag 16. september melding om rømming frå slaktelokaliteten Instefjord i Risnefjorden i Gulen kommune. Oppteljinga etter rømminga viser at det dreier seg om 17.200 rømte oppdrettslaks. Fisken som rømte, har ei snittvekt på i underkant av 4 kg, melder direktoratet på heimesida si.

Selskapet har fått pålegg frå Fiskeridirektoratet om å utvide gjenfangstaktiviteten ut til området Ortneset-Apestoda. Pålegget er forlenga fram til og med 7. oktober. Det er så langt registrert ei gjenfangst på cirka 3.950 fisk.

Fiskeridirektoratet har også pålagt selskapet å gjennomføre miljøovervaking og uttak av rømt laks i 15 vassdrag i Sognefjorden for å hindre oppdrettslaks i å gyte i vassdraga. Slakteriet Brekke AS har denne veka levert ein plan for gjennomføring av dette pålegget og har engasjert LFI Norce til å utføre hovuddelen av arbeidet.

Ønskjer tips

Fylkesmannen i Vestland har opna for at bifangst av oppdrettslaks teken på garn i Sognefjorden Vildehammeren og Nesholmsundet fram til 13. oktober, kan avlivast.

Fiskeridirektoratet har fått meldingar om at den rømte fisken har spreidd seg til fleire vassdrag i Sognefjorden.

- Vi ønskjer framleis tips frå publikum om fangst av rømt fisk i området. Tips kan meldast inn til Fiskeridirektoratets døgnåpne vaktsentral på telefon 5523 8337 / 911 03 277.

Fiskeridirektoratet understreker at gjeldande regelverk for fiske må følgjast.

Mottak av fisk

Slakteriet Brekke tek imot gjenfanga fisk frå private som ønskjer å levere. Kontakt selskapet på mobil 9969.9248.

---

Hold deg oppdatert på hva som skjer i norsk og internasjonal oppdrettsnæring – abonner på vårt daglige gratis nyhetsbrev.

Se Også


10.000 laks på rømmen i Sognefjorden

Fiskeridirektoratet mottok mandag melding om rømming av oppdrettslaks fra Slakteriet Brekke i Sognefjorden.