Tildelinga til ny forsking i Hordaland, Sogn og Fjordane og Rogaland omfattar 26,7 millionar til ti større forskingsprosjekt i næringsliv og kommunal sektor og kvalifiseringsstøtte på 4,9 millionar til vidareutvikling av elleve prosjekt som er i startblokkane, skriv RFF Vestlandet i ei pressemelding.

- Fiskefôrprodusenten Aller Aqua Norway har gjort fleire lovande forsøk med aure der mineralbaserte tilsettingsstoff i fôret ser ut til å ha gjort slimlaget til fisken tjukkare og kraftigare. Dermed ser fisken også ut til å bli mindre sårbar for lakselus, som får problem med å trenge gjennom slimet og ta til seg næring. No får selskapet tre millionar kroner til å teste, dokumentere og forklare kva effektar desse tilsettingane har med omsyn til luspåslag hos både aure og laks, heiter det i pressemeldinga.

Eit viktig mål i prosjektet er å sjå om dei lovande resultata med aure også let seg reprodusere i forsøk med oppdrettslaks. Forskarane skal også analysere og beskrive dei biologiske prosessane som eventuelt bidrar til auka motstandskraft mot lus hos laks som får mineraltilsettingar i fôret. Ein skal også teste ut ulike råvarer for å finne ut om det er mogleg å forsterke effekten av desse tilsettingane.

Aller Aqua Norway AS skal gjennomføre forskinga i samarbeid med matforskingsinstituttet Nofima, Stiftelsen Industrilaboratoriet og Norsk Sjømatsenter AS.

- Alginor i Haugesund søker gjennom bioraffinering ei totalutnytting av alle ibuande substansar i den norske stortaren – makroalgen Laminaria hyperborea. Selskapet får tre millionar kroner til å vidareutvikle metodar for framstilling av nye kommersiell produkt frå denne råvaren. Noreg har Europas største førekomst av stortare, som dekker enorme areal langs norskekysten med ein ståande biomasse på over 50 millionar tonn, skriv RFF Vestlandet.