Alsaker-konsernet, som er konsernselskapet til Alsaker Fjordbruk, fekk eit resultat før skatt på 563 millionar kroner i 2018. Med ein omsetnad på 1.657 millionar kroner gir dette ein driftsmargin på 34 prosent.

- I 2018 produserte konsernet i underkant av 33.000 tonn laks, mot 31.000 tonn året før. Produksjonsmessig har 2018 vore eit krevjande år for konsernet, men likevel eit år med framgong. Både produksjonsvolumet og slaktevolumet gjekk litt opp samanlikna med 2017. Det er framleis mykje tilveksttap i samband med avlusing av laks. I tillegg hadde konsernet ein del algeutfordringar sommaren 2018, skriv eigar og konsernsjef Gerhard Alsaker i ei pressemelding.

- Den internasjonale marknaden for laks har vore prega av ein sterk etterspurnad også i 2018. Det globale tilbodet av atlantisk laks auka med ca 5 prosent medan gjennomsnittleg eksportpris på laks frå Norge auka med 0,6 prosent samanlikna med førre år, skriv Alsaker.

Konsernet dreiv i 2018 5 smoltanlegg, 23 matfiskkonsesjonar og eit slakteri. Produksjonen i konsernet skjer i 13 kommunar: Bømlo, Etne, Fusa, Kvam, Kvinnherad, Meland, Sveio og Tysnes i Hordaland, samt Haugesund (Røvær), Rennesøy, Suldal, Tysvær og Vindafjord i Rogaland.

Ved utgongen av 2018 var det 255 fast tilsette i konsernet.

Bokført eigenkapital i konsernet var ved utgangen av året på 1.268 millionar kroner, noko som gir ein eigenkapitaldel på 57 prosent.

Nøkkeltal Alsaker (tal i millionar kroner)

2018 2017 Endring
Inntekter 1 657,3 1 621,4 2,2 %
Driftsresultat før avskriving (EBITDA) 666,6 662,7 0,6 %
Driftsresultat 561,6 567,7 -1,1 %
Resultat før skatt 562,8 550,6 2,2 %
Driftsmargin 33,9 % 35,0 % -3,2 %