- Servicebåt sin patenterte teknologi på automatisk sortering av fisk skal nyttast i prosessfartøyet «Elax Mist» som er under bygging for Elax As ved Fitjar Mekaniske Verkstad AS (FMV). Konseptet med maskinell sortering er positivt mottatt i markedet og Servicebåt kunngjer i dag at selskapet kontraherer ennå eit prosessfartøy av typen HMFV design P28 med lastekapasitet på 150 tonn frå FMV, skrive selskapet i ei pressemelding.

Servicebåt har eit tett samarbeid med Elax om bygging og drift av det aller første fartøyet med denne teknologien om bord. Når fartøyet «Elax Mist» vert levert i desember i år, skal det rett i oppdrag for ei gruppe oppdrettarar på Vestlandet.

- Servicebåt ser stadig aukande interesse for slike prosessfartøy og vil med denne nye kontraheringa kunne tilby ei dobling av kapasiteten for beredskaps- og bløggefartøy med Elax-teknologi om bord innan hausten 2020, skriv selskapet.

Metoden går ut på automatisk utsortering av skada fisk som ikkje har rett kvalitetsnivå for å nyttast til humant konsum. Sorteringa vert utført på grunnlag av fiskens respons på elektrisk stimuli under bedøvingsprosessen før avliving.