Det kjem fram i et pressemelding frå selskapet onsdag.

Mattilsynet vedtok 6. mai i år midlertidig reduksjon av maksimalt tillaten biomasse ved lokaliteten Sølvøyane i Bømlo kommune. Bremnes Seashore klaga på vedtaket.

Overskriding av lusegrensa

Hovudårsaka for Mattilsynet sitt vedtak om reduksjon var ei overskriding av lakselusgrensa fem gangar ein kort periode seinsommaren og hausten 2019. Det var på dette tidspunktet påvist gjellebetennelse på laksen, noko som gjorde at fisken hadde redusert toleevne for lusebehandling.

Etter ein gjennomgang av dokumenta i saka er Mattilsynet einig i at Bremnes Seashore gjorde det som var forsvarleg både for å koma under lusegrensa og samstundes ta vare på fisken sin velferd.

Vanskeleg situasjon

Mattilsynet skriv i sitt vedtak at dei er positive til virksomheita si tiltaksplan for framtidig drift ved lokaliteten og i området.

- Mattilsynet har behandla klagen grundig, og teke på alvor den utfordringa me var i. Eg er glad for at me har fått støtte for vurderingane me gjorde i ein vanskeleg situasjon, og at Mattilsynet ser positivt på tiltaka me har sett i verk for framtida, seier administrerande direktør Einar Eide i pressemeldinga.

Les også:

Bremnes Seashore først i verden med helelektrisk oppdrettsanlegg for laks

Bremnes Seashore slepp gebyr etter brann i merd i 2017