Det kjem frå i ei melding frå Fylkesmannen i Vestland tysdag. (Intrafish skreiv i ein tidlegare versjon av saka at Fiskeridirektoratet hadde sendt ut pressemelding. Det korrekte er Fylkesmannen i Vestland).

— Myndigheitene har innført strenge tiltak for å hindre spreiing av koronaviruset i befolkninga. Fylkesmannen ser at akvakulturanlegga i fylket på grunn av dette kan få utfordringar med å få utført planlagde miljøgranskingar av typen C-undersøking etter Norsk Standard NS 9410:2016 framover, heiter det i meldinga frå Fykesmannen i Vestland. Dei skriv vidare:

«Standarden sine punkt 8.4. og 8.7. har fristar for når i produksjonen slike undersøkingar skal gjerast. Oppdrettsselskap som har planlagt å gjere C-undersøkingar før 1. juni 2020, og som på grunn av smitterestriksjonane ikkje får gjort desse på rett tidspunkt, må melde frå om dette til Fylkesmannen».

Skal gjerast så raskt som mogleg

— C-undersøkingane som vert utsett skal gjerast så raskt det vert mogleg att, og deretter følgje dei normale frekvensane i standarden, står det i meldinga.

Fylkesmannen i Vestland opplyser om at dette vil gjelde for alle fylkesmennene si oppfølging av miljøovervakinga på akvakulturanlegg no framover.

Førre veke opna Fiskeridirektoratet opp for utsetjing av fysiske inspeksjonar og rapportering av anleggssertifikat for akvakulturanlegg som følge av koronautbruddet.

LES OGSÅ:

Lokale karantenebestemmelser gjelder ikke

Chilensk laks finner veien tilbake til det kinesiske markedet

Unntakstilstand i Spania – også for sjømateksporten

Ystmark: Nå handler det om å holde hjulene i gang