- At Havbrukspartner får vere ein del av denne typen næringsutvikling er veldig interessant og viktig for oss. Me har jobba ei god stund med å bygge opp kunnskapen vår om RAS-teknologi og drift av slike anlegg, seier dagleg leiar Øyvind Kråkås i ei pressemelding tysdag.

Sande Aqua skal bygge eit anlegg med kapasitet til å produsere 33.000 tonn laks, med bruk av Billund Aquaculture sin teknologi. Dette vil gjere selskapet til den største produsenten av laks på land i Norge, og den nest største lakseprodusenten i tidlegare Sogn og Fjordane fylke, etter Mowi. Anlegget skal ligge i Skipavika Næringspark på Sandøyna i Gulen kommune, der ein allereie har på plass ein infrastruktur med ferskvatn, veg og kaianlegg.

- Me kjenner til industrimiljøet i Skipavika frå før, og har late oss imponere over kva dei har fått til. Det er med og gir tyngde til ambisjonane i denne satsinga. Dette er eit stort prosjekt for heile denne regionen. Det blir eit spennande fagmiljø, og ikkje minst ein betydeleg matprodusent, seier Kråkås i meldinga.

Byggestart for anlegget blir truleg mot slutten av 2021.