Akva Ren er eit nordnorsk selskap har sitt utgangspunkt rundt Lyngenfjorden. Selskapet har eit utstrakt samarbeid med fiskeri- og oppdrettsnæringa i den nordlige landsdelen. Akva Ren vil etter oppkjøpet bli vidareført som selskap og med eigen administrasjon, skriv selskapet i ei pressemelding.
- Oppkjøpet styrkar vår posisjon i nord. Hordafôr har gjennom fleire år hatt eit velfungerande samarbeid med Akva Ren, og det har over ei tid vore diskutert eit tettare strategisk samarbeid mellom dei to selskapa, seier Siv Østervold, konsernsjef i Hordafôr i pressemeldinga.
Akva Ren har over 20 års erfaring frå bransjen og har eit godt omdøme i næringa. Gründerane av Akva Ren vil trappe ned, og har ønska å selje selskapet til Hordafôr for å sikra best mogleg utvikling framover for Akva Ren.
Hordafôr har som forretningsidé å utnytta biprodukt frå oppdretts- og fiskerinæringa. Gjennom å gjera avfall frå ei næring til ein ressurs i ei anna næring, bidreg selskapet til å gjera oppdretts- og fiskerinæringa meir bærekraftig.
- Etter oppkjøpet vil me vidareutvikla integrasjonen mellom selskapa, særleg med tanke på å ta ut synergiar innan logistikk og beredskap. Dette vil gjera det mogleg å tilby enno betre tenester til kundane og råstoffleverandørane våre og dermed styrka bidraget vårt til ei bærekraftig næring, seier Østervold.