I veke 16 var eksportprisen for fersk laks 56,11 kroner kiloet, ein nedgang på 5,4 prosent samanlikna med veka før då prisen var 59,34 kroner kiloet.

Det kjem fram av ny statistikk frå Statistisk sentralbyrå i dag.

Eksportkvantum for fersk laks i veke 16 enda på 15.119 tonn, noko som er 26,1 prosent høgare enn i veka før då volumet var 11.992 tonn. Men veke 15 var påskeveka i år, og eksporten var derfor låg.

I veke 16 i 2020 vart det eksportert 141 tonn frosen laks, og prisen på den 55,64 kroner kiloet.

Eksportprisen på fersk laks ligg framleis langt under tilsvarande veker både i 2019 og 2018, då prisen i veke 15 låg på 71,45 kroner kiloet (2019) og 67,32 kroner i 2018.