Tombre Fiskeanlegg hadde 29. oktober ei rømmingshending på lokaliteten Djupeleget i Høyanger kommune i Vestland. Det dreier seg om eit relativt stort hol i ei av nøtene på anlegget, meld direktoratet.

Dei skriv at selskapet driv gjenfangst i området og har så langt gjenfanga 69 oppdrettslaks. Omfanget av rømminga er ikkje avklart. Fisken som har rømt har ei snittvekt på i overkant av 3 kilo.

Fiskeridirektoratet vil følgje opp med tilsyn hjå selskapet. Fiskeridirektoratet ønskjer tips i saka for å få eit bilete av omfang og korleis fisken spreier seg.

Det kjem fram av melding at Tombre Fiskeanlegg har oppretta mottaksstasjon på Hjellvika, som vil vere open kl 14:00, for dei som ønskjer å levere inn oppdrettslaks dei har fiska. For levering til andre tidspunkt kan ein ta kontakt med selskapet på tlf: 915 91 782.